Startar FN-oppdraget 27. oktober PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Mil.no   
mandag 16. oktober 2006

 

Den norske regjeringa har tilbode å ta del i den maritime styrken som skal patruljere havområda utanfor kysten av Libanon. 27. oktober settes norske MTB-ar (missiltorpedobåt) og støttefartyet KNM Valkyrien inn i oppdraget.

Dei fire MTB-ane og KNM Valkyrien er no i farvatna kring Toulon, på den franske Midddelhavskysten. Der tek dei del i øvinga ”Briliant Midas”, som eigentleg er ei sertifiseringsøvelse for Nato sine reaksjonsstyrkar til havs. Øyvinga tek slutt dei nærmaste dagane.

Innlastinga av dei norske MTB-ane på eit dokkingsfarty vil venteleg finne stad 15. eller 16. oktober. Etter plana skal dei vere framme ved basen i Limmasol på Kypros 23. oktober. To dagar seinare skal dei vere klare for overføring til FN-styrken, det vil seie 25. oktober. Denne FN-styrken er under tysk maritim leiing.

Les mer på mil.no

 
< Forrige   Neste >